Me var så heldige å få tilbud om å overta som redere på denne fantastiske skuta februar 2008. På tross av at det blei båt nr.2 og salg av Cajus ikkje ein gong kunne vera tema til vurdering kunne me ikkje la denne unike sjansen gå fra oss. Med bankremisse i lomma og vart handelen utført. Ein svært spesiell og ikkje minst sentimental opplevelse både for oss og familien Magnussen (som vi har hatt gleda av å kjenna i mange år).

Me starta med friskt mot, det var litt forskjellig å gripa fatt i og for oss vart det rett i første omgang å prioritera styreposisjon / cockpit samt å få dama klar til sjøsetting slik at me kunne henta ho heim til Strandvik. Under kalde forhold i sjøkanten på Knappen, 7 mil unna heimen, starta kosejobben.

Glasa i styreposisjon/vindskjerm vart skifta, me valde her å gå for herda glas.

All mahogny/finer som kunne renoverast vart skrapa ned og olja/beisa/lakka på nytt. Noko måtte skiftast. Dørene til salongen samt dør til akterkabin var i dårleg forfatning og det måtte lagast nye. Alle deler som var fornuftig å plukka
vart tatt med heim, også utvendige luker samt badestige akter er renovert. Mange utvendige beslag vart også sendt til forkromming. Mastene var i dårleg forfatning, aktermasta var ikkje til å redda - det måtta lagast ny.  Det vart og
brukt ein del timar på sparkling/sliping på utvendig skrog,samt lagt på gulltape i spor som midlertidig løsning (til våren kjem det bladgull).

Det var stort den solskinnsdagen i mai då skuta igjen fekk vatn under kjølen og me sette kurs mot Strandvik. Sesongen 2008 var dama med på ymse småturar,og i slutten av august var det tid for landligge og klart for vidare renovering.

Skroget er slipt reint, lusa ein del plassar og olja med 90 liter Ferromax penetrerende oljegrunning, det var då metta. Me valgte å la akterspeilet stå igjen til slutt, då malinga vart fjerna fekk me oss ein stor overraskelse - her var det mykje råte, heile speilet måte totalrenoverast.  Oppbygging er ferdigstilt, og hydraulisk styring er samtidig motert. Det er også laga nye "skvettlister" i eik. Ytterstevnen viste seg og å vera i dårleg forfatning og er fjerna. Skanndekk og fenderlister er skrapa/pussa/olja og klar for lakk. Ny kalesje er også sett i bestilling.

Motor er også tatt ut og under renovering - sjå eigen omtale.

Det er tilskjært og montert ny ytterstevn. Det er fjerna og utbetra råteskader i overgang skanndekk/overbygg som medførte lekkasjer i salong, nye lister i overgangen skanndekk/overbygg er også laga og montert. Det er montert nye lister på sidene på hyttetaket. Råteskader i mahognyen oppe ved stevnen er ordna/ilappa. Det utvendige trearbeidet er no ferdigstilt for i år og beising og lakking pågår. Det er prima 3 strøk under vannlinja, skroget er grunna og sparkla, klart for maling og bladgull. Det er også lagt på to strøk bunnstoff.
Ny kalesje er satt i produksjon, mange nykromma beslag er på vei fra Centrum Fornikling. Innventar i styreposisjon er under montering, diesel-varmer og varmtvannsbereder er montert. No pågår også arbeidet med det nye elektriske anlegget. Strøk nr 10 er lagt på skanndekk og fenderlister: Hyttetaket er malt med Epifanes 24. !7.mai vart tilbrakt med rulle og kost, skroget har no fått to
strøk Epifanes 24. Hurra  c",) 

Etter sjøsetting 22 mai har me holdt tempoet oppe: I tillegg til kobling av motor/elektrisk er alle utvendige beslag og master montert. Akterkabin og toalett akter er under oppbygging og det som foreløpet er ferdig er lakka.
 
Lørdag 10 oktober 2009:
Ein særdeles fuktig sesong på sjøen er over og dama ligg trygt på land igjen.
Vinterens prosjekt er allerede i gang - ein del innredning er fjerna på bad og garderobe i salong, må totalrenoverast grunna lang tid med lekkasjer.